Kategorier

Nyhetsbrev

PiercingPIERCING

Prisar:

Brystvorte, øyenbryn, navle, nese, øyre        490,-
Leppe, tunge, Madonna                              590,-
Natriumklorid.                                              70,-
Corsodyl.                                                     80,-

Rabatt ved to eller fleire piercinger 50,- NOK kvar.

 

 

Aldersgrense er 16 år.
14 år i følge med foresatt for å skrive under egenerklæring.
Husk legitimasjon.

18 år for brystvorte piercing

Piercing

Piercing er ein populær type kroppsutsmykning der smykket blir satt inn gjennom huller i kroppen. Piercing har en lang historie. Mumier fra fleire tusen år tilbake er funnet med ørepiercing, som for eksempel Ötzi fra 3300 f.kr. Etter 1990 vart det spesielt populært i I-land, og trenden er fortsatt veldig utbredt.

Piercing

I dag kan ein pierce alle plasser det er hud, men dei vanligaste plassane å ta piercing er i øyre, nese, augebryn, lepper, navle, tunge og brystvorter.

Holdninger til piercing er forskjellig. Noen ser på selve piercingen eller det å bli piercet som spirituelt. Noen ser på det som ein form for kunst, selvrealisering eller mote, mens andre velger å bli piercet som ein form for seksuelt uttrykk. I di fleste land finner noen mennesker noen former av kroppspiercing fremmedfryktig og kan nekte piercing som en del av arbeidsuniformen.

Piercing

Er det vondt å pierce seg?
Kor vondt det er å pierce seg varierer sjølvsagt fra person til person, og kor på kroppen ein stikker. Ein kan samanlikne det med eit vanleg sprøytestikk. God hygiene også i ettertid er avgjerande for å unngå  problemer i den tiden såret skal gro. Infeksjonar og arrdannelsar kan forekomme og forebygges best med riktig rens og stell. høyr på piercingartisten sine anbefalingar.

Det er viktig å huske på at hullet kan bruke lang tid på å gro. Helingstid for øre/leppe/augebryn er normalt 6-8 veker. Tunge ca 3-6 veker, og brystvorter 8-16 veker. Ein må regne med noko lenger grotid i navlen, p.g.a stramme kle og belter som kan irritere og forstyrre piercingen mens den gror. Ein ordentelig gjennomhealing kan ta opp til seks måneder. Ikkje ta ut piercingen i lengre tid av gangen før piercingen er grodd.

Det er svært få som blir alvorlig sjuk av piercingen. Men det er viktig å huske på at ein er ekstra mottakelig for infeksjoner før såret er grodd. Infeksjoner kan vise seg i form av veskande sår, utslett eller rød og irritert hud rundt piercingen.
Er du usikker på om du har fått infeksjon eller ein form for reaksjon bør du kontakte oss eller lege.

Piercing

 

 

LAST NED BEHANDLINGSRÅD:

Piercing - Norwegian nynorsk

Piercing - Norwegian bokmål

Piercing toungue - Norwegian nynorsk

Piercing toungue - Norwegian bokmål

 

 Piercing

 

OFTE STILTE SPØRSMÅL (Q & A)

Q: Kor gamal må eg vera for å ta piercing?
A: Hjå oss må du vera fylt 16 år eller 14 år i følgje med foresatt. Jenter må vera fylt 18 år for å ta piercing i brystvorte. NB. Legitimasjonsplikt!

Q: Er det vondt å ta piercing?
A: Ja. Det er vondt. Men det er raskt over, og nokre piercingar er mindere vonde enn andre.

Q: Får eg bedøvelse?
A: Nei. Me har ikkje anledning til å setja bedøvelse. Ein bedøvelse ville og sannsynlegvis vera lika vond å setja som å ta piercingen så det ville vera lite hensiktsmessig.

Q: Kva slag piercing er mest og minst vond?
A: Brystvorta er som regel vond mens tunga er som regel mindre vond. Smerte vert opplevd forskjellig. Derfor kan nokon oppleva det å ta piercing som mindre eller meir vondt enn andre.

Q: Kor mykje kostar det?
A: Sjå prisliste over.

Q: Eg er raud rundt navelen. Er det betendelse?
A: Nei, det er ikkje unormalt at navelen er raud eller raudleg i opp til tre månader.

Q: Piercingen væsker. Er det betendelse?
A: Kroppen skil ut væske heile tiden. Væska finn den lettaste vegen ut. Dersom væska er blank eller kvit så er det heilt normalt i ei ny piercing. Dersom væska derimot har ein grøn/gulaktig farge så kan piercingen vera betent.

Q: Kva skal eg gjera dersom piercingen er betent?
A: Behandlingen kan vera forskjellig alt etter kva slags piercing du har og kor betent det er. Kom derfor inn til oss så snart som råd slik at me kan hjelpa.

Q: Kan eg ta ut piercingen dersom det er betendelse?
A: Det er normalt sett ikkje å anbefale, då sjangsen er stor for at såret lukkar seg før betendelsen er borte. Betendelsen vil då bli innestengt og det kan oppstå små "byller" med verk.

Q: Eg vil gjerne ha stang i navelen. Korfor må eg då ta ring?
A: Navelen er den piercingen som tek lengst tid å gro og er derfor meir utsett for betendelse enn andre piercingar. Dersom du har ei stang eller barbell i navelen, ligg den øverste kula tett inntil huden og tettar. Veske og bakteriar kjem derfor ikkje ut. Det vert lite luftig og bakteriar trivst godt. Med ein ring unngår du desse problema og risikoen for infeksjon er mykje mindre. Du kan byta til barbell eller stang så snart piercingen er grodd.

Q: Eg har fått ein liten "klump/kul" like ved piercingen. Kva skal eg gjera?
A: Klumpen er sansynlegvis innestengt verk. Denne må ein ta hol på for å få reinsa ut verket. Kom innom til oss for hjelp til det.

Q: Eg har høyrt at tunga hovnar opp når ein tek tungepiercing. Er det riktig?
A: Ja. Kor mykje er forskjellig frå person til person, men mest dei første dagane. For å redusera hevelsen bør du kjøla ned tunga med isbitar så mykje som mogeleg dei 4 første dagane. Sjå fullstendig rettleiing på linkane over. Piercing i leppa kan og føra til ein viss grad av hevelse.

Q: Er det farleg å ta piercing i tunga?
A: Nei, det er ikkje farleg. Men ein skal ta på alvor at ein har teke ein piercing og følgja instruksjonane om rens og hygiene frå piercingstudioet. Ein fersk piercing er eit sår til det er grodd, og må behaldlast deretter. God hygiene er viktig!

Q: Eg har teke piercing i augnebrynet og fått "blåveis". Er det vanleg?
A: Nei. Det er ikkje vanleg, men det kan skje og er ikkje farleg. Blåveisen går bort av seg sjølv etter kort tid.

Q: Når kan eg byta piercingen til eit anna smykke?
A: Det varierer etter kva piercing du har. Ein nase eller tungepiercing kan normalt bytas etter ca 4 veker. Navle og brystvorte etter ca 3 månader. Dette er kun ca tider og alle piercingar må vurderast individuelt. Har du vore uheldig og hatt betendelse i piercingen kan det ta legre tid. Me oppmodar om å ta turen innom oss, så kan me sjå på piercingen og eventuelt hjelpa med å byta.

Q: Kva rensemdiddel skal eg bruka?
A: Oralpiercing: Corsodyl munnskyll. Øyre/nase navle, augnebryn etc; : Natriumklorid (sterilt saltvatn) . Du kan lasta ned fullstendig rettleiing for rens og behandling på linkane over.

Piercing i tunge eller leppe kan gi skader på tannkjøt eller emalje. Det kan derfor vera lurt å ta ein kontroll hjå tannlegen etter du har fått piercingen. Er du i tvil, snakk og med tannlegen først.

Q: Kan piercingen gi varige eller synlege merker/arr?
A: Ja, det kan skje. Dersom du tek piercingen ut att etter ei stund er det store sjangsar for at holet gror att. Som regel vil det bli ein liten prikk der piercingen har vore. Har du vore så uheldig og hatt betendelse i piercingen, kan det bli eit lite arr eller ein liten klump.

Har du andre spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt.