Tattoo Gallery: 
Big tattoos and projects
Femenine
Animals
Portraits
Tribals
Dragons and Fantasy
Skulls
Biomec
Viking
Sketches and Artwork
Others
GALLERY 1
Prices: 
The smallest start at 900,- NOK.
A medium size tattoo wich requires two or tree ours of work will cost you about 3000,-to 4500,- NOK.
Please ask for price on bigger tattoos or freehand projects.
If you have a drawing of your own please bring it to our shop and we will give you a fair price.
Aftercare: 
Norwegian nynorsk
Norwegian bokmål
Frequently asked questions 
Q: Kor gamal må eg vera for å ta tatovering?
A: Hjå oss må du vera fylt 18 år.
Q: Men dersom eg får lov av mor eller far?
A: 18 år. Ingen unntak. NB! Legitimasjonsplikt!
Q: Er det vondt å ta tatovering?
A: Ja. Det er litt vondt, men antageleg ikkje så vondt som du er redd for.
Q: Kor er den vondaste plassen ein kan ta tatovering?
A: Det er vanskeleg å svara på då graden av smerte vert oppfatta svært forskjellig fra person til person.
Generelt sett er det vondare på følsomme plassar som f.eks. sida på mage/overkropp, under føter, inni hender, armhule osv.
Q: Får eg bedøvelse?
A: Nei. Me har ikkje anledning til å setja bedøvelse. Det har heller ingen hensikt å setja bedøvelse for å ta tatovering.
Det fins bedøvelsesalve som kan brukas, men erfaringsmessig har det liten eller ingen virkning.
Q: Tek det lang tid?
A: Det varierer stort alt etter kor stor tatoveringen er. Ein liten tatovering kan vere gjort på ein liten halvtime, mens ein stor kan ta heile dagen.
Tatoveringar som tek meir enn fire timar kan vera lurt å dela opp over fleire gonger.
Virkeleg store prosjekt kan ta månader eller år.
Q: Kor mykje kostar ein tatovering?
A: Prisen varierer etter størrelse. Alle tegningane i butikken har fast pris. Dei minste begynner på 900,-
Ein medium stor tatovering som tek to til tre timar å lage vil koste omlag frå 3000,- til 4500,- For større tatoveringer eller freehand prosjekt, spør etter pris.
Dersom du har eigen tegning, kan du ta tegningen med inn til oss så kan me gi ein pris på det.
Q: Korleis skal tatoveringen etterbehandlas?
A: Sjå link øverst på sida, "behandlingsråd".
Q: Bleiknar fargetatoveringar meir enn svarte.
A: Nei, men av og til kan det sjå slik ut fordi svart gir ein sterkare kontrast mot huden enn f. eks. gult eller kvitt.
Ein dårleg tatoveringsjobb kan også lett forvekslas med bleiking...
Q: Treng tatoveringen etterfyll?
A: Forhåpentlegvis ikkje, men det hender. Vanlegvis er det lett å sjå om etterfylling trengs, men kom gjerne innom for ein vurdering dersom du er usikker.
Dersom tatoveringen treng etterfylling, vert det gjort etter tre til seks månader.
Q: Kan ein tatovering fjernast?
A: Ja. Ta kontakt med ein laserklinikk med godt omdøme for ein slik jobb. Fjerning av tatoveringar kan føra til arr, spesielt dersom tatoveringen er hardt stukke.
Q: Kan eg få ein tatovering som forsvinn etter nokre år?
A: Nei, me utfører kun permanent tatovering.
Har du andre spørsmal, ikkje nøl med å ta kontakt.
